Skip to content

malungdom/nmu-netside

Repository files navigation

Norsk Målungdom netside v4

Dette er kjeldefilene til netstaden til Norsk Målungdom. Den er bygd på den statiske sidegeneratoren Lektor.

Lokal installasjon og oppsett

Windows ~~~~~ Dersom du brukar Windows, kan du fylgja ein videogaid for oppsett.

Linux (+ OS X) ~~~~~ Du må ha Python installert. Du kan installera lektor til din eigen maskin ved hjelp av pip. For å ikkje installera lektor på heile maskina kan du bruka virtualenv for å laga deg ein eige Python-miljø berre for lektor:

$ virtualenv env
$ source env/bin/activate  # Aktiver miljøet (environment)
$ pip install lektor  # Installer lektor

No kan du byggja netsida:

$ lektor server

Du skal nå kunna gå til http://127.0.0.1:5000 og sjå sida. Når du gjer endringar so vil lektor bygga prosjektet på ny, og du kan gjera ei omlasting i netlesaren din for å sjå resultatet av endringane du gjorde.

Lukke til!

Få endringane ut på netsida

For å få endringane til å visast på https://malungdom.no/ so må du lasta dei opp til tenaren. Det gjer du ganske enkelt ved å pusha til GitHub, når endringane landar i master vil dei automatisk gå til test-sida. Der kan du trykka på 'Publiser' so kjem endringane på netsida.

Om du ikkje har tilgang, lag ein pull request på GitHub so tek ein av oss endringa di inn.